Vèret som var

Det som blir presentert av vêrstatistikk er gjennomsnittstal mellom dei tre målestasjonane Surnadal, Tingvoll og Linge. Merk at vêrstasjonen i Surnadal hadde registreringsvanskar i vår, kor det ikkje vart medrekna vekststart, nedbør og varmesum fram til 11.mai.

Estimert vekststart i teorien var sett til 15. mars på Linge og 25. mars på Tingvoll. Det er eit par veker tidlegare enn det som var sett i 2020, so ein del kan ha kome seg tidlegare utpå med våronna i 2021 kontra fjoråret.

Nedbor 2021 more og romsdal
Figur 1. Nedbør april – september 2021. Gjennomsnitt for målestasjonane i Linge, Tingvoll og Surnadal.
Varmesum 2021 more og romsdal
Figur 2. Varmesum (døgngrader) april – september 2021. Gjennomsnitt for målestasjonene i Linge, Tingvoll og Surnadal.

Kjølig april

Etter ei varm avslutning på mars, vart det noko stans i planteveksten uti april, då denne månaden var noko kjøligare i gjennomsnitt enn åra før. Nedbørsmessig vart april ein regntung månad, som normalt.

Frå mai av tok varmen seg opp att og gav ein litt høgare snittemperatur enn normalen (+1 grad). Månaden var og prega av lite nedbør.

Same gjaldt for dei neste månadene juni og juli som begge var tørre og varme, spesielt juli som låg to grader høgare i år i snitt enn normalen og var omtrent like tørr som sommaren 2018.

August vart meir normal for både temperatur og nedbør - heldigvis. September vart relativt tørr og varm i høve til tidlegare år.

Det kjem ikkje fram i figurane ovanfor, men ser ein og på oktober var gjennomsnittet for månaden i år litt varmare enn vanleg, men den skilde seg betrakteleg ut med ei registrert nedbørsmengde som låg langt over normalen. Her var det og enkeltdagar som var særdeles nedbørsrike og skapte utfordringar for ei kort tid enkelte stader.

Grovforkvaliteten i More og Romsdal 2021
Tabell 1. Grovfôrkvaliteten i Møre og Romsdal 2021 registrert pr. 25. oktober. Gjennomsnittstal av 495 prøver 1.slått, 312 2.slått og 4 prøver 3.slått.

Fôrresultatet so langt

Tabell 1 syner status frå fôranalysar registrert frå fylket fram til 25. oktober. Energiinnhaldet i førsteslåtten er gjennomsnittleg 0,84 FEm/kg ts, noko som er lågt.

Varmt og drivande vêr fram mot første slåtten har nok påverka grasveksten til å falle raskare i kvalitetsutvikling, samt at det vart ei lita veke med nedbør i juni då graset byrja å bli hausteklart fleire plassar. Det visast blant anna igjen på ein litt høg NDF og iNDF- verdi (192 g/kg ts). Tørrstoffprosenten og proteininnhaldet er likevel bra. Proteininnhaldet var noko lågare i fjor (145 g/kg ts 1.slått). Då var det ein lengre periode med kald og vinterleg vår etter våronna som verka negativt inn. I år vart proteininnhaldet noko betre (152 g/kg ts 1.slått).

Rett ensilering

Husk og å ha i baktankane korleis ein sikrar god ensilering uavhengig av tørrstoffprosenten. På første slåtten var det litt for høg andel av uønskte gjæringsprodukt som kan vere grunna i ulike årsaker. Tenk derfor gjennom før slåtten kva ein må vere obs på for å unngå uønskt mikrobiell aktivitet. Det kan t.d. vere lengda på fortørkinga, bruk av ensileringsmiddel (sort, dose) og bruk av hausteutstyret.

Betre andreslått

Andre slåtten var prega av det tørre og solrike sommarvêret over fleire veker etter 1.slått, kor tørrstoffprosenten er høgare, gjæringskvaliteten er betre og det er meir sukker att i grovfôret. Sjølv om energiinnhaldet gjerne skulle vore høgare, er i alle fall proteinverdien god.

For tredje slåtten er det kun fire prøvar registrert pr. 25. oktober. Men desse er foreløpig slik tredjeslåtten brukar å vere med betre energiinnhald, høg på protein og låg på fiber.

Proteinverdien mellom 140- 160 g/kg TS er eit ønskeleg nivå å liggje på, so årets proteininnhald gjennomsnittleg for dei tre slåttane ser ut til å vere bra. Godt med protein i grovfôret er ønskeleg, både for dyr i vekst og lakterande dyr. Derfor er det lurt å halde fokus på å oppretthalde (eller eventuelt forbetre) proteinnivået også i neste sesong.

Kjøp inn nok gjødsel

Sjølv om gjødselprisane held fram å auke, er det lurt å kjøpe inn nok gjødsel til å kunne produsere ønska avlingsmengd med rett næringsinnhald! Sjekk over dine eigne fôranalysar for å sjå korleis resultatet vart i år, og ta gjerne kontakt med oss samtidig for felles vurdering og fastlegging av gjødslingsstrategien for neste sesong.

(Denne artikkelen vart først publisert i Ringreven nr.2 - 2021)