Det er ikkje snakk om ei gradvis utvikling, sølvskurvproblemet oppstår meire som ein eksplosjon. I tillegg til sølvskurv har vi også lagersjukdommen svartprikk, som ofte blir forveksla med sølvskurv. Sølvskurv og svartprikk er blant dei viktigaste årsakene til vraking utover i lagringssesongen.
Ved starten av opptaksperioden for lagringspotet, er det ein del ein ikkje kan gjera noe med. Men blant dei tiltaka som kan gjennomførast er:
- Kort tid mellom vekstavslutting og opptak for potet som skal langtidslagrast (levering frå februar og utover).
- Velg areal med godt vekstskifte, meir enn 3 potetfri år.
- Unngå høsting under våte forhold.
- Silthaldig jord og lettleire har som regel mindre problem enn moldfattig sandjord.
- Tørk opp potet som skal langtidslagrast, så fort som muleg.
For å underbygge tiltaka er det tatt med nokre konklusjonar frå tidlegare undersøkingar.
Konklusjon vekstavsluttingsforsøk 2003-2004
- Lysgrodde ledd hadde meir sølvskurv enn ugrodde ledd, truleg pga. meire modne knollar.
- Ulik behandling ved vekstavslutting hadde ingen effekt på mengde sølvskurv.
- Knollar er normalt smitta før hausting og sjukdommen held fram å utvikle seg på lager.
Soppen kan smitte til friske knollar under lagring, spesielt under fuktige forhold (kondens på poteten)
Lagerutvikling av sølvskurv
I england vart det gjennomført forsøk med effekten av kondens og temperatur på utviklinga av sølvskurv på lager (Hardy et al 1997). Denne undersøkinga vart gjengitt i ei planteavlsorientering i Danmark i 1998, derfor dansk tekst i figuren. I forsøket vart effekten av tre timer med kondens på knollane ved tre ulike lagringstemperaturar undersøkt etter 7 og 14 dagar. Hovudkonklusjonen på forsøket er gjengitt i figuren nedanfor.

Etter opptaking, opptørking og så kort sårhelingsperiode som nødvendig, gir rask nedkjøling til ønska lagertemperatur, redusert risiko for utvikling av sølvskurv på lageret.
Størst risiko for å få kondens på lager, er når poteten blir ventilert med fuktig luft som har høgare temperatur enn knollen. Varm luft inneheld meire fukt enn kald luft. Potet som skal langtidslagast skal derfor berre ventilerast med luft som er litt kaldare enn poteten. I tillegg er det viktig å ha kontroll på luftfuktigheita.



