Mens NLR Teknikkmøtet heilt og fullt er arrangert av landbruksrådgivinga, står ei rekkje aktørar bak Landbrukets Økokongress. Men også der er NLR sterkt involvert, gjennom fagkoordinator Kjersti Berge.
Begge deler finn stad på Thon Hotel Oslo Airport på Gardermoen.
Stor breidde på Øko 2023
Øko 2023, som er det stutte namnet på arrangementet, er først ut: Frå tysdag 7. februar til onsdag 8. februar. Kjersti Berge fortel om eit breitt samansett program med innlegg frå bønder, forskarar, rådgivarar og fagpersonar elles. Her får du både dei stutte oppdateringane, og skikkelege fordjupningsøkter.
På tysdag skjer alt i ein sal. På onsdagen er der fleire parallelle program du kan velje mellom.
Øko 2023 har dessutan fagutstilling som du kan besøke i pausane. Er du maskininteressert, er det god sjanse for at du finn noko spennande her. Tysdag kveld blir det økologisk festmiddag.

10 temaøkter med teknikk på to dagar
NLR Teknikkmøtet satsar også på kunnskapsdeling frå bønder, rådgivarar og forskarar, frå inn- og utland. Jogeir Agjeld styrer maskinteknikken i NLR. Han fortel at suksessoppskrifta frå møtet i 2020 blir foredla:
– Vi deler inn i temabolkar med typisk tre foredrag på 15-20 minutt, før ei romsleg økt med god plass til spørsmål frå møtedeltakarane. Alt føregår inne i den same salen, fortel Jogeir.
Teknikkmøtet har inga utstilling, men også her kan du vere med på festmiddag. Den blir servert på torsdag kveld.

– Vi har bevisst lagt opp programmet slik at det passar både for økologiske og konvensjonelle bønder, særleg den første dagen. Maskinene ser ingen skilnad på om du driv konvensjonelt eller økologisk. Alle former for landbruk kan ha nytte både av droner og av driftsstyringsverktøy. Fellesnemnaren er å utnytte teknologien og agronomien på beste måte, seier Jogeir.
2 x ministerbesøk
På Øko 2023 helsar landbruksminister Sandra Borch velkomen, attåt at begge faglaga seier litt. NLR Teknikkmøtet inviterte bonde og finansminister Trygve Slagsvold Vedum til å opne. Det hadde han ikkje høve til, men han ville gjerne kome innom likevel, så han er på plass på fredag. Då er der lagt opp tid til både innlegg og spørsmål frå salen.
Velkomen til begge!
Her er det lov å la seg freiste. Begge møta er lagt opp slik at du kan delta ein eller to dagar på kvar, og der er sett av rom på hotellet til deg som blir over frå eine møtet til det neste. I og med at arrangør-strukturen er litt ulik, har møta kvar sine påmeldingar, så du må registrere deg to gongar. Vil du overnatte frå onsdag til torsdag, kryssar du av for det i påmeldinga til NLR Teknikkmøtet.