Ei gruppe fagfolk og rådgivarar var samla på Lillehammer i mai for å drøfte korleis vi kan finne fram til dei beste ryddemetodane og gje gode råd om korleis arbeidet bør gjerast. Yngve Rekdal i Nibio ausa av sin store kunnskap om korleis utmarksbeita utviklar seg, etter å ha kartlagt utmarksvegetasjon over store delar av landet.

Det skjer svært store endringar i utmarka nå, og attgroing er det største trugsmålet, slo han fast. Rekdal registrer at mange bønder har gjort mykje bra for å halde beiteområda opne, men han meiner også at det trengst meir systematisk kunnskap om korleis ryddinga skal leggjast opp og kva metodar som er mest effektive. Han har utfordra Norsk Landbruksrådgiving om at fleire rådgivarar bør engasjere seg i dette arbeidet og bidra til å finne fram til dei beste metodane.

NLR-rådgivarane vil i løpet av sommaren oppsøke ein del område som har blitt rydda, for å prøve å finne fram til nokon av dei mest vellykka tiltaka. Det handlar både om å velje ut dei riktige områda å rydde, å fjerne passe mykje vegetasjon i slengen, og å syte for å ha nok beitedyr som kan vedlikehalde områda etter at det er rydda. Vi vil sjå på kva typar reiskap som fungerer best under ulike forhold, og om t.d. styring av beitedyr med ny teknologi kan vere nyttig. Dei gode eksempla skal samlast saman i eit lite hefte som kan brukast som hjelpemiddel i rådgivinga. Dette er eit prosjekt som er støtta med fjellandbruksmidlar.

Morten Tofastrud ved Universitet i Innlandet forskar på storfe og sau på skogsbeite. Han var oppteken av at opne område i skogen blir vedlikehalde som gode beiteområde og at det er riktig beitetrykk. Randi Brænd frå landbrukskontoret i Alvdal har jobba mykje med skjøtselsplanar i utmark, og hadde mange gode råd om korleis arbeidet kan leggjast opp.

Ein av utfordringane for utmarksbeita er at skogen breier seg til nye område og blir så tett at den hindrar annan vegetasjon. Nokon stader kjem det uønska undervegetasjon, som tyrihjelm, som dyra ikkje et. Andre stader er det einer eller vier som fortrenger grasplanter og urter. Forsamlinga var samde om at det er viktig å velje ut areal som blir aktivt brukt av beitedyr, gjerne i nærleiken av setergrender. Det er også viktig å finne areal som er næringsrike og har eit potensial for god grasvekst. Engkvein og ein del andre grasartar er dei viktigaste plantene i utmarka.

Prosjekt utmarksbeite samling Lillehammer
Fagfolk og rådgivarar samla til workshop om utmarksbeiting. Frå v. Yngve Rekdal, Morten Tofastrud, Magnhild Strand, Stig Horsberg, Kari Baukhol, Kjersti Sveen, Sigrid Helene Bye, Ola Sjåvik og Randi Brænd. Foto: Jenny Heggvold