Godt grovfôr krev at du hauster graset på rett tidspunkt. Kalenderen er ikkje det beste måleinstrumentet for å finne rett slåttetidspunkt. Vêr og vekst påverker grasets utvekling, slik at éin sesong er ikkje lik den forrige. Difor utførar Norsk Landbruksrådiving kvart år prognosehaustingar i forkant av fyrsteslått. Kvar veke er rådgjevarar ute i faste enger og hauster ei prøve som sendast til analyse. På den måten kan utviklinga av graset følgjast tett.

– Resultata av prognosehaustingane vert kvar veke sendt til medlemmar i grovfôrmeldinga. Her kan kvar enkelt fylgje den enga som ligg nærast seg sjølv. Rett slåttetid sett mot eige mål for produksjonen er viktig for god ressursutnytting, seier Tore Sæland, som i dag har teke ut årets fyrste prognoseprøver på Jæren.
Lurer du på korleis prognoseprøvene blir tatt ut? Sjå denne videoen som vi har henta frå arkivet: