Mange unge satsar på bruksutbygging. I 2026 er det løyvd om lag 24 millionar kroner i tilskot til sauefjøs, og ein forventar det same i 2027.

Det er rom for større produksjon av lammekjøt. I Vestland forsvinn det ein del mindre buskapar, men mange unge ynskjer ei framtid i næringa. Lettstelte fjøs med god nok plass i lamminga er viktig for at det skal vere interessant å drive med sau.

Dei unge bøndene på Håje

Sondre Haugen, 27 år, tok over heimgarden Haugen ved årsskiftet 2021-2022. Bruket ligg rett ved kommunesenteret Dale i Fjaler kommune. På same tid vart Elisabeth Guddal, 25 år, og Sondre eit par. Begge er oppvaksne med sauehald og har stor interesse for faget. Sondre er utdanna agronom. I tillegg har han gått to år på yrkesfag (TIP) og arbeidd to år som tømrar. No er han tilsett i eit maskinentreprenørfirma. I tillegg har han brøytekontrakt med kommunen. Elisabeth er utdanna sjukepleiar og arbeider fulltid i heimetenesta i Askvoll kommune.

Haugen gard

  • Eies og drives av Elisabeth Guddal og Sondre Haugen
  • Ligger i Fjaler kommune i Vestland
  • Nybygd sauefjøs med kapasitet på 150 vinterfôra sau
  • Disponerar 170 daa slåttemark og 40 daa innmarksbeite

Ressursgrunnlaget

– Det er to faktorar som har vore avgjerande for at det står eit flott og moderne sauefjøs på garden i dag: Sambuar Elisabeth og tilleggsjord, seier Sondre.

Utan Elisabeth si interesse og støtte trur han ikkje fjøset hadde blitt bygd. Ho er oppvaksen på eit sauebruk i Rivedal og har hatt stor interesse av å vere med faren i fjøset sidan ho var lita.

– Ho kjennar kvar sau og har eit særs godt tekke med dyra, skrytar Sondre.

Arealgrunnlaget for drifta er god; i tillegg til eigen gard driv dei fleire nabobruk. Samla disponerer dei 170 daa slåttemark og 40 daa innmarksbeite. Bruket har beiterett i eit fjellområde som ligg ein knapp halvtimes køyretur frå garden. Med liten konkurranse i matfatet beiter dyra i eit område på 14 km2.

I fleire år har Sondre arbeidd delti hos ein dyktig mjølkeprodusent i ei nabogrend. Der fekk han meir erfaring med jordarbeiding og grovfôrdyrking, som han no er svært glad for.

Dei leiger slåttemark av nære naboar. I tillegg får dei bruke tårnsiloaene på det eine bruket. Dette er ei mellombels løysing.

Nybygg til 150 sauer

Sondre kom til Norsk Landbruksrådgiving (NLR) i 2024, og ville ha hjelp til å planlegge nytt fjøs. Det gamle fjøset var meir enn fullt med 45 sauer i lamminga. Etter ein god planleggingsfase fekk dei løyving frå Innovasjon Norge tidleg i 2025. Fjøset hadde ei samla kostnadskalkyle på 4,3 millionar kroner. Innovasjon Norge støtta tiltaket med 1,3 millioner kronar. Bøndene la også ned ein stor eigeninnsats på grunnarbeid, alt av trearbeid og innreiing. Material til reisverk og sutak har dei hogd sjølv og fått skore på sag i nabobygda. Resten av finansieringa var med lån.

Fjøset er eit kaldfjøs oppført i bindingsverk med takstolar og naturleg ventilasjon. Gjødselkjellaren er to meter djup, og det er lagt strekkmetall på heile fjøsgolvet. Innreiing med to langsgåande fôrbrett og fire bingar med djupne på 2,40 meter. Det er drivgangar langs alle ytterveggar. Ei sirkulasjonspumpe hindrar at vatnet frys. Fôrsentralen er 7,5 meter lang med ein port på 3,5 meter høgde. Den rommar også kontoravdeling med smittesluse.

20250716 184419
Kjellar: Fjøset har kjellar og drenerande golv. Foto: Arve Arstein

– I ettertid tenkjer eg at fôrsentralen kunne hatt større takhøgde og vore litt lenger. Alt i alt er me svært fornøgde med bygget, seier Sondre.

IMG 3477 1
Like ved: Fjøset ligg fint til like ved gamlefjøset og tunet. Foto: Elisabeth Guddal
Sondre Haugen 1
Stor eigeninnsats: Bøndene har gjort mykje sjølve i byggeprosessen i 2025. Fra venstre sambuar Elisabeth, syster Fride, Sondre og far Jan. Foto: Privat

Driftsplan

Planen er å fylle opp fjøset med 150 vinterfôra sauer. Rasen er i hovudsak kvit spælsau. I november er planen å pare knappe 60 sauer og lam, og etter fem år bør fjøset vere fullt. I lamminga skal det gamle fjøset, som ligg like ved, brukast til lammingsareal. Lam som ikkje er slakteklare rett frå fjellet vert sluttfôra i fjøset. Då kan sauene beite på markene før dei vert sette inn.

Nøkkeltal frå driftsplanen

  • 2,2 lam frå vaksne og 1,5 lam frå påsettlam
  • 100 prosent av lamma får kvalitetstilskot lam høgste sats
  • Slaktevekt lam 19,0 kg
  • Lammetap: 6 prosent
  • 2031: 150 sauer og 245 slakta lam
  • Kraftfôrbehov: 100 FEm/sau
  • Grovfôrbehov: 240 FEm/sau

Mål

Det aller meste av grovfôret vert lagra i tårnsilo. Innhaustinga skjer med traktor, fôrhaustar og tilhengar. Det er korte avstandar frå slåtteareala til lager. På sikt ynskjer Sondre å bygge ein plansilo eller tårnsilo heime.

Kanskje vert det tøft å nå målet om gjennomsnittleg slaktevekt på 19,0 kg. I alle fall i starten med svært ung buskap.

– Me må ha litt å strekke oss etter, seier Sondre.

Elisabeth er einig i det.

Framtidsplanar

Frå lamminga startar og til dyra er sende til fjells er planen at Sondre skal vere heime på heiltid. Begge har stor interesse av å drive med sau og gardsarbeid. Kanskje vert det slik at dei har reduserte stillingar utanom garden begge to. Dei fortel at lysta til å drive auka med bygginga. Dei har god hjelp av familie og vener med tilsyn og sanking. Far til Sondre hjelper til når det trengst gjennom heile året.

– Draumen er å drive med storfe i tillegg. Ammekyr hadde passa fint sidan me har så store utmarksressursar, røper Sondre til slutt.