Steinar Vilhelmshaugen i Bagn i Valdres kjøpte for ti år sidan garden til ein slekting, der det ikkje hadde vore drift med husdyr på mange år. Setra i den vakre Bjødalen hadde vakse til med granskog og einerkratt. Utsikta ned til vatnet hadde blitt borte. Steinar ønska ein driftsform der han kunne bruke setra og få denne tilbake meir lik tilstanden i tidlegare tider. Han valte å satse på boergeiter.

Dei ca. 60 geitene går på eit inngjerda område på 80 dekar. Gardbrukaren kvir seg ikkje for å gjerde, og har sett opp mange hundre meter med skigard og trådgjerde. Han meiner at gjerda er med på å ramme inn det fine stølsmiljøet. Nofence hadde ikkje vore like miljøskapande. Geitene kunne heller ikkje ha vore sleppte fritt i stølsområdet, då hadde jobben dei gjer blitt mindre synleg. Erfaringa er at boergeitene ikkje hoppar over gjerdet, men dei kan smyge seg igjennom.

Geit3 Foto Magnhild Strand
Steinar Vilhelmshaugen har sett opp mange hundre meter med gjerde som held geitene på plass. Foto: Magnhild Strand

Vegetasjonen har blitt rydda i fleire omgangar, og berre litt om gongen. Geitene må få høve til å halde det som er rydda ved like. Først vart store grantre hogd, og så har dei teke einer og vier litt etter litt. Då vi var på besøk såg vi at det gradvis kom fleire og betre grasartar på areala der det tidlegare berre hadde vakse litt smyle under briskekjerra. Dei beste beitegrasa er dei som som vi likar å dyrke, slik som timotei, engsvingel, engrapp, engkvein og kløver. I utmarka er også sølvbunke og smyle viktige beitegras. Trakk, gjødsling og avbeiting vil favorisere breiblada grasartar som sølvbunke og engkvein.

Geiter et gras og urter (blomsterplanter) som andre dyr, men beiter i tillegg meir lauv og bark for å få nok fiber, og om hausten et dei gjerne vier. Dette gjer at dei er ekstra effektive som beiteryddarar.

Geit 2 Foto Magnhild Strand
Etter ti år med rydding er utsikta til Bjødalsvatnet tilbake. Foto: Magnhild Strand

Driftsopplegget til Steinar Vilhelmshaugen går ut på å leige ut bukkekjea til andre som ønsker at dei skal kome og rydde ei tomt eller eit attgrodd jorde. Bukkekjea blir deretter slakta ved 9 md. alder, og dette kjøtet er mildt og fint. Dette blir til kje-burgarar og kje-kotelettar. Ein del hodyr blir selt som livdyr. Ein del kjøt blir brukt til å lage kurv (spekepølse) som blir hengt opp til speking i det gamle seterfjøset på førjulsvinteren. Når gauke gjel neste sommar, er kurven ferdig speka.

Geit1 Foto Magnhild Strand
Det gamle fjøset har blitt til spekebu. Foto: Magnhild Strand