Kun 6 prosent av brukarane med dyr på utmarksbeite planla å slutte med utmarksbeiting, medan halvparten av dei som ikkje hadde dyr på beite vurderte å starte med utmarksbeiting. Om lag 23 prosent av seterbrukarane planla å slutte med setring, i hovudsak fordi dei skulle avvikle mjølkeproduksjonen. Blant dei som ønska å halde fram med mjølkeproduksjon på ku, var det fleire som vurderte å starte enn å slutte med seterdrift.

Spørjeundersøkinga vart supplert med med ei rekkje innspel frå brukarmøter med ulike aktørar. Dette har resultert i ei liste med tiltak som kan bidra til å oppretthalde utmarksbeiting og setring.

Målretta virkemidlar som utmarksbeitetilskot, tilskot til drift av beitelag, beiteteknologi som elektroniske gjerde, tilskot til gjerdevedlikehald, tilskot til seterdrift, investeringsstøtte til seteranlegg og tilskot til skuleskyss er viktig for å oppretthalde eller auke utmarksbeiting og setring.

Resultata viser også kor viktig det er å oppretthalde små og mellomstore bruk. Dette fordi setring er enklare på slike bruk, fordi beitelag treng eit tilstrekkeleg tal medlemer, og fordi fleire aktive brukarar styrkjer lokale fagmiljø. Strukturdifferensierte tilskot, som favoriserer mindre bruk, er viktige for å sikre drift på små og mellomstore bruk.

Laushundar, rovvilt, auka hytteaktivitet og mangelfulle gjerde rundt innmark var sentrale utfordringar ved utmarksbeiting. Informasjon til hundeeigarar, løyve til effektive jaktmetodar ved skade- og lisensfelling av rovdyr, betre arealplanprosessar og gjerdekampanjar kan redusere disse problema.

Kommunar, faglag og samvirkeorganisasjonar kan spele ei viktig rolle i å utvikle og ivareta fagmiljø og støtte gardbrukarane. Det var store kommunale skilnader i korleis behova til utmarksbeite- og seterbrukarar blei ivaretatt. I kommunar der gardbrukarane opplevde svak oppfølging, kan det vere viktig å vurdere tiltak for betre å støtte utmarksbeiting og setring.

Du kan lese meir om undersøkinga her: Endring i utmarksbeiting og setring i Nord-Østerdalen, Røros og Valdres – årsaker og tiltak - Nasjonalt vitenarkiv.

«Endring i utmarksbeiting og setring i Nord-Østerdalen, Røros og Valdres – årsaker og tiltak» av Ola Flaten og Valbjørg Kvakkestad. NIBIO rapport 12/1/2026.