Under demonstrasjonen navigerte H2L roboten automatisk gjennom potetåkeren, mens den skanna plantene for visuelle virussymptom. I følgje firmaet som står bak utviklinga av roboten, er roboten no like god som ein nyutdanna virusinspektør. Sjølv om det trengs vidareutvikling for å nå nivået til erfarne virusinspektørar, viste utstyret potensialet i bruk av kunstig intelligens i maskinlæring til bruk i vekstkontroll.

Under demonstrasjonen, ble virussjuke planta merka med kvit kalk. Etterpå var det lett å finne merka planer, som så vart fjerna ved manuell luking. Målet for utviklingsarbeidet, er å utvikle ein robot som både finn og luker sjuke planter.
Som det heiter på nettsida til Potato Pro: – Demonstrasjonen viste at automatisk potetseleksjonsteknologi framleis er i utvikling og at det har blitt gjort store framskritt. Etter kvart som KI (kunstig intelligens), robotar og presisjonsjordbruk held fram utviklinga, kan ein gå mot ei framtid kor feltinspeksjon blir automatisert.



