Sau i skårfeste kjenner mange sauebønder til som ei stor utfordring. Vettskremde dyr og nervøs bonde er ein dårleg kombinasjon i skåra. For at vi som bønder skal bli tryggare, både mentalt og fysisk vil vi i NLR dette året arrangere 3 kurs for sauebønder som vil lære meir om klatring og løysing av sau i skårfeste.
Det første kurset vert laurdag 29. mars i Etne på Skakke. I oktober vil vi arrangere nytt kurs i Rogaland og eit i Agder. Maksimalt tal på deltakarar pr. kurs er 15.
Vi har fått Olav Sølvberg, bonde i Etne som kurshaldar. Han har i mange års erfaring med å berge sau or skårfeste.
Program
- Kva utstyr vi bør ha ved løysing av sau i skorfeste.
- Bli trygg på 8-tal knuten
- Sikring og anker
- Tips om fanging av sau i skorfeste.
- Lunsj.
- Bli trygg i tau (klatrevegg)
Vi planlegg også tur opp i bergvegg der me lagar anker og klatrar (same dag om været tillet det, om ikkje avtalar vi ein seinare dag.)
Kurset er delfinansiert av Gjensidiges Bærekraftsfond