Målet med regelverket er å redusere fosforavrenning og sikre betre balanse mellom fosforbruk og -uttak. Endringane inneber strengare krav til spreieareal og meir dokumentasjon, noko som kan gje utfordringar, særleg for jærske bønder med avgrensa areal. Regelverket blir innført gradvis, der nokre endringar gjeld allereie i år, medan andre har overgangsordningar. Her skal vi prøve å gå gjennom dei viktigaste endringane – kva som skjer no, og kva som skjer i åra framover. Det er framleis ein del uklarheiter rundt handhevinga av regelverket i overgangsperioden, og derfor presenterer vi dette med eit visst forbehold.
Strengare krav til spreieareal
- Nye normtal for gjødselutslepp per dyr.
- Strengare krav til kor mykje fosfor ein kan tilføre per år.
- Maksgrensene for tilført fosfor omfattar no både husdyrgjødsel og mineralgjødsel (tidlegare berre husdyrgjødsel).
- Krav om spreieareal på innmarksbeite, også om ein berre brukar mineralgjødsel.
Kortare spreieperiode
Ny spreieperiode fra 2027: 1. mars til 15. september. På Jæren er siste frist sett til 1.september, detter har Statsforvaltaren signalisert at dei ønsker skal gjelde for heile Rogaland.
Nytt krav om gjødslingsjournal
- I tillegg til gjødslingsplan må ein no føre journal som viser faktisk bruk av gjødsel gjennom vekstsesongen.
- Rapportering er nødvendig dersom ein bortskaffar meir enn 75 kg fosfor per år, til dømes ved levering til nabo eller biogassanlegg.
Balansegjødsling
- Moglegheit for å gjødsle sterkare om ein kan vise til balanse på garden ved å dokumentera forholdet mellom tilført og fjerna fosfor (1:1).
- Landbruksdirektoratet skal utvikle verktøy for berekning av dette.
Endringar i gjødselregelverket 2025–2033
Frå 2025
- Nye normtal for utslepp frå dei enkelte dyregruppene
- Fosforgrense per daa: 3,5 kg P/daa for heile landet.
- Maksgrensene for tilført fosfor omfattar no både husdyrgjødsel og mineralgjødsel
Frå 2026
|
Frå 2027
- Strengare krav til spreieareal:
- Ny fosforgrense: 3,1 kg P/daa i Rogaland, 2,8 kg P/daa resten av landet.
- Endring i spreiefrist:
- Hovudregel:
- Etter 1. mars. Før 15.september.
- Hovudregel:
- På Jæren er siste frist sett til 1.september, dette har Statsforvaltaren signalisert at dei ønsker for heile Rogaland.
Frå 2028
- Nye krav til innmarksbeite:
- Ut sesongen 2027 kan mineralgjødsel spreiast utan godkjenning dersom dette vart gjort i 2022–2023.
- Frå 2028 krevst kommunal godkjenning av spreiearel ved bruk av mineralgjødsel.
Frå 2030
- Fosforgrense: 3,0 kg P/daa i Rogaland, 2,5 kg P/daa resten av landet.
Frå 2033
- Fosforgrense: 2,7 kg P/daa i Rogaland, 2,3kg P/resten av landet.
Sjå tabell under for korleis dei nye normtala og fosforgrensene vil slå ut i Rogaland innanfor dei ulike produksjonane i åra som kjem. Tala under årstala er antal dekar påkrevd til gitt dyretal.
Dyreslag |
2024* |
2025** |
2027** |
2030** |
2033** |
Mjølkeku (1 stk) |
4 |
4,3 |
5 |
5 |
5,6 |
Sau (100 stk) |
57 |
57 |
65 |
67 |
74 |
Slaktegris (2100 stk) |
420 |
222 |
251 |
259 |
288 |
Purker (105 stk) |
140 |
243 |
274 |
284 |
316 |
Slaktekylling (280 000 stk) |
640 |
688 |
777 |
803 |
892 |
Høns (7500 stk) |
300 |
257 |
290 |
300 |
333 |
*GDE kalkulator**Fosforkalkulator
Om du ønsker meir informasjon om det nye regelverket har Landbruksdirektoratet laga ei rettleiing som du kan finne ved å følgje denne linken; Rettleiing til gjødselbrukforskrifta - Landbruksdirektoratet
Det er utvikla ein ny Fosforkalkulator som erstattar den gamle GDE kalkulatoren for å berekne tilgjengeleg spreieareal på eigendommen. Denne finn du og på direktoratet sine sider: Nye regler for lagring og bruk av gjødsel trer i kraft - Landbruksdirektoratet
Me i NLR bistår gjerne i utrekning av spreieareal på ditt bruk.