Arrangementet var eit samarbeid mellom Lærdal kommune og Statsforvaltaren i Vestland, og inngår i arbeidet med Utvalde kulturlandskap (UKL) og verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap – Nærøyfjordområdet.

Dagen starta med busstur frå Lærdal rådhus og innom tre ulike stopp mellom Lærdalsøyri og Borgund stavkyrkje. På Moldebakkane (sjå s. 26) fekk deltakarane høyre om skjøtselsarbeid og bruk av appar til artsbestemming, og det vart demonstrert moderne slåtteutstyr frå Lauvrud Maskin.
I Råshagen (sjå s. 62) vart det delt erfaringar om både skjøtsel og bruk av tradisjonell gjerding og Nofence. Middag vart servert på Husum hotell, før turen gjekk vidare til kveldssamling i Lærdal kulturhus.

Der ønskte Statsforvaltaren velkomen, før Oskar Puschmann heldt eit engasjerande foredrag om kulturlandskapsfotografi og refotografering. Dagen vart avrunda med ein vakker og stemningsfull konsert med folkemusikarane Liv Ulvik, Tom Karlsrud og Silje Hegg. Ein innhaldsrik dag der både teknologi, tradisjon og kultur fekk spele ei viktig rolle.

20250603 143744
20250603 142941
20250603 124545
20250603 115436
20250603 131512