Om du planlegg å plante på nydyrka eller eksisterande felt kan vi vere til hjelp i prosessen. Ta ein telefon eller send oss ein e-post med litt informasjon om kva du har lyst til å gjere, så kan vi ta ein prat om prosjektet. Vi kjem gjerne på synfaring av feltet eller tek eit teamsmøte. Eventuelt kan du teikne inn feltet på eit kart og sende det til oss.

Vi utarbeidar planteplan, kostnadskalkylar, investering- og finansieringsplan, kostnadsoverslag, skaffar godkjenning frå fruktlager (unntatt dei som leverer til Gartnerhallen) og hjelp til søknadsprosessen til Innovasjon Norge.

Pris:

  • 985 kr/timen for medlem
  • 1970 kr/timen for andre