Der er ingen bestemt regel som tydeleg seier kva som er lov og kva som ikkje er lov av frontreiskap, eller kva posisjon du skal ha det i. Men du har ikkje lov å køyre med reiskapen slik at du er til unødig fare for annan trafikk, og myndigheitene langs vegen har ein del vurderingar som gir oss nokre rammer for kva som er akseptert og ikkje.

Her får du kortversjonen. Vil du heller lese ein grundigare artikkel om temaet, kan du klikke deg hit.

Heilt ned, parallelt med bakken

Kor høgt skal du ha lastaren? Svaret er så lågt som mogeleg, slik at ein eventuell samanstøyt med ein bil skjer under panserhøgde. Har du lastaren høgt får du dårleg stabilitet, og du risikerer å treffe rett inn i førarhuset på lastebilar, eller telefonlinjer eller jernbaneundergangar eller slikt.

Reiskapen bør dessutan ligge vassrett. Er til dømes skuffa tilta opp, vil den fungere som ein skitupp.

Kva reiskap?

Det er ikkje akseptert å køyre med gaflar eller tindar på frontreiskap. Har du behov for slikt, kjøp utgåver der tindane eller gaflane kan fellast opp, eller ta med reiskapen på tilhengaren eller på trepunkten bak.

Frontmonterte skuffer, klyper og skjær brukar å bli akseptert av kontrollørane langs vegen.

Ikkje lass langs veg

Vegmyndigheitene har som praksis at dei ikkje aksepterer at du køyrer med last i frontlastaren. Utanfor veg er situasjonen sjølvsagt ein heilt annan. Eit anna poeng er at tillatt framaksellast på traktorar flest er ganske låg.

Sjekk låsinga!

Gjer det til ein vane å sjekke at reiskapen er skikkeleg i lås kvar gong du byter reiskap, og kvar gong du overtar traktoren frå andre. Ikkje stol på indikatorar på låsinga. Sjekk enten at du ser at låseboltane er gått gjennom låseauga, eller sjekk på annan sikker måte.

Skumle blindsoner

Lastararmane gir store blindsoner, som blir større di høgare du har lastaren. Ver bevisst på dette, og senk lastaren så lågt som råd!

Hugs lys!

Når du køyrer langs veg skal du alltid ha lys, og dei må vere synlege. Viss lastaren eller reiskapen skjermar for frontlysa, må du bruke høgtmonterte køyrelys.

JMA 3120
Gjer slik: 1: Still opp traktor med lastar slik du har tenkt å køyre ut på vegen. 2: Køyr personbilen mot traktoren, og sjå om du tykkjer det er OK å kollidere i denne posisjonen. 3: Juster lastaren slik at det ville vore tryggare om det blir ein kollisjon.
JMA 3123

JMA 3122

Fleire detaljar her

Klikk deg vidare for å lese ein grundigare artikkel om lastarkøyring, med fleire praktiske tilrådingar, referansar til lovkrav og innsikt i ulukker og ulukkesrapportar.

> Les den store saka om køyring med frontlastar i trafikken

Palle