Korleis kan vi redusere klimagassutslepp frå ein driftsbygning, både ved bygging og i levetida til bygget? Får vi ein renessanse for tømmer frå eigen skog? Kva er eigentleg eit klimasmart landbruksbygg? Tenk langsiktig når du skal bygge. Vel løysingar og plassering som reduserer klimagassutslepp, både i bygg og drift. Bruk dei gamle bygga dersom du kan. Dette er nokre av råda frå forskar Matthias Koesling ved NIBIO som du kan høyre i vår siste podkast om klimasmarte driftsbygningar i landbruket. I tillegg snakkar vi med byggrådgjevar i NLR Vest Olve Flo Sunde. Han meiner at det kan vere mykje spart både for klima og lommebok å bygge av eigen skog, sjølv om det kan bli meir krevjande for bonden som skal bygge.
Flere nyheter
Mimiro inngår strategisk samarbeid med NLR
Vil over en treårsperiode oppnå eierandel på fem prosent i Mimiro
NLR
Oppdatert mal for plantevernjournal
Norsk Landbruksrådgiving (NLR) har oppdatert malen for plantevernjournal for 2026.
NLR
Planteplan
Om du planlegg å plante på nydyrka eller eksisterande felt kan vi vere til hjelp i prosessen.
Vest



