Livet som bonde kan vere både givande og krevjande. Lange arbeidsdagar, stort ansvar og mykje arbeid åleine kan gjere det ekstra vanskeleg ved sjukdom, ulykker, økonomiske utfordringar eller personlege kriser.

Bondens nettverk består av personar og organisasjonar med tilknyting til landbruket som samarbeider for å gi rett støtte til rett tid. Nettverket kan hente inn nødvendig kompetanse etter behov og i samråd med bonden. Medlemmane i nettverket har teieplikt, og berre relevante aktørar blir involverte etter samtykke frå bonden. Målet er å gjere kvardagen tryggare, bidra til tidleg støtte og hjelp når ei krise eller vanskeleg livshending råkar.

Nettverket skal vere eit lågterskel tilbod der det skal vere enkelt å be om hjelp eller melde frå om uro for andre. Det skal og kunne nyttast av naboar, pårørande, og andre, som er bekymra for at ein bonde står i ei krise/ein utfordrande situasjon, som bonden truleg treng hjelp til å handtere.

I Vestland er bondens nettverk no nyleg etablert felles for alle kommunane i Nordfjord. Der er elles etablerte nettverk i Sunnfjord, Vik og i Kvinnherad. Det vert arbeidd aktivt med å få til nettverk i fleire kommunar.

Du finn kontaktinformasjon om nettverka på kommunane sine heimesider, det blir og sendt ut informasjon til aktørar i landbruket. Om du bur i ein annan kommune og treng nokon å snakke med, så ta gjerne kontakt med dei etablerte nettverka.

Bondens nettverk Sunnfjord - Sunnfjord kommune

Bondens nettverk - Gloppen kommue (omfattar også Stad og Stryn)

Bondens nettverk Vik i Sogn - Vik kommune

Bondens nettverk - Kvinnherad kommune