Rotgallnematode har mange vertplantar. Den varianten som er funne i Danmark (chitwoodi) gir mest skade i potet. I tillegg til potet, er vekstar som gulrot, asparges, erter, bønner, mais og gras med på å oppformeire nematoden.
Angrep av nematoden har effekt på vekst, avling og kvalitet. Det er lett å spreie smitte med settepotet og jord.
Levevis
Egg og heilt små laver lever i jorda eller på rotoverflata. Det er berre larver i 2. stadium som kan infisere planter. Ei angripen rot eller knoll blir påverka til å danne ei galle omkring larva. Larva svulmar opp og utviklar seg raskt til vaksne. Holarva blir inne i knollen og legg egg i ein slags slimet sekk. Formeiringa skje i hovudsak ukjønna. Den samla utviklingstida er avhengig av temperatur. I litt eldre litteratur er det oppgitt at ein på friland greier å utvikle 1-2 generasjonar årleg i våre områder.
Utbreiing
M. Chitwoodi er vanleg i delar av USA, Argentina, Sør-Afrika og Mosambik. I Europa er det relativ lite omfang på utbreiinga, men etter kvart funn i mange land. I Sverige var det 14 bruk med funn i åra 2017 – 2021. Det vart eit nytt funn i 2022 etter systematisk leiting. Denne kartlegginga fortsatte i 2023.
Tiltak
Krav til vekstskifte og dyrking av ikkjevertplantar har god effekt. I Sverige har allereie eit av bruka som fekk påvist smitte i 2017, blitt frikjend.
På grunn av det generelle forbodet om import av settepotet til Norge, er det liten risiko for å få smitte inn i landet. Da er det dess viktigare å vera sikker på at det ved import av brukt utstyr, blir gjort grundig vask og desinfeksjon. Å sette utanlandsk potet er like lite lurt som det alltid har vore.