Håvard Hammer på Skatval har bruka denne til lagring av Kuras (mjølpotet) i fleire sesongar. Kula blir laga på ei asfaltplate ved hjelp av husvegg, terreng, halmballar, og frontlastar med snøskope. Til dekke blir det bruka vegduk.

Bilde 1 kule JO Forbord
Bilde 1: Kula har rundballar i bakkant liggande på tverrsida. Det blir berre bruka ei høgde i bakkant. Dersom ein berre skal bruke traktor med vanleg frontlastar, er det viktig at lasset ikkje er for stort. Her blir det bruka ein dumperhengar, som gir eit høveleg stort lass. Om det er lange avstandar og store lass, må ein ha tilgang til andre hjelpemiddel enn frontlastar for å greie å bygge kula opp mot 3 meter i høgda.
Bilde 2 kule JO Forbord
Bilde 2: Når skopa kan gli på ein asfaltbotn eller betongplatting, blir det lite skadar.
Bilde 3 kule JO Forbord
Bilde 3: Her ser ein kor liten rekkevidde frontlastaren har til å bygge i høgda dersom lasset er stort og må strekkast ut i lengda.
Bilde 4 kule JO Forbord png
Bilde 4: For å unngå mye handtering av poteten, skal kula byggast i full breidde med ein gong. Her er det levert unna eit lass, og er no i gang med å bygge kula i full breidde.
Bilde 5 kule JO Forbord png
Bilde 5: Når det ikkje er meir husvegg, blir det bruka hardpressa rundballar til vegg. Dei ligg som på bildet. Opningane blir tetta med vegduk og det er lett å legge på ei høgde til.
Bilde 6 kule JO Forbord png
Bilde 6: Sjølv om snøskopa er relativt snill, blir den enda snillare om kanten blir plastra med ein hageslange. Her ser ein at det er tatt på høl for strips til å feste slangen med. Når ein både legg slange og har fast botn i kula, blir det særs lite mekaniske skadar pga. handteringa.

Frost

Når kula er ferdig eller om det er kaldt om natta i «byggeperioden», blir det bruka vegduk til dekke. Vegduk kategori 3 er 3-4 mm. tjukk og greier temperaturar ned mot 5 minusgrader. Dersom det er fare for enda kaldare netter, kan ein legge på eit lag til. Da går det bra nedover mot 7 minusgrader. Ved å legge vegduk etter kvart som kula blir ferdig, unngår ein også lagergrønt.

Det er også lett å legge på laushalm oppå vegduken og ein ny vegduk på toppen, om ein får store utfordringar med kulde før levering.