Som generell tilråding veit alle at opptaking av potet med temperatur under 8 °C, gir utfordringer med blautråte, stengelråte, fusarium, mekaniske skader og…. Kort sagt alt som kan gi dårleg lagringskvalitet.

Men innimellom er ein likevel nøydd til å ta opp potet, når ein helst ikkje skulle. Uansett om årsaka er ein lengre periode med mye nedbør, eller at ein av andre grunnar har venta for å få ei brukbar avling, så er det store verdiar som skal opp. Da kan det bli nødvendig å utnytte også dei timane som ikkje er så gunstig.

Kalde netter heng som regel saman med sol om dagen. Tommelfingerregelen er da at potettemperaturen følgjer lufttemperaturen med 3-4 timar forseinking. Det betyr at om sola greier å løfte lufttemperaturen til 8 grader i nitida på morgonen, burde potetopptakinga starte først i tolv-ettida. Men må vi, så må vi. All potet skal vanlegvis ikkje lagrast like lenge. Med god lagerstyring bør det vera ein smal sak å skilje mellom potet tatt opp før kl. 1300 og det som blir tatt opp etterpå.

Støtblått og mekaniske skadar

Da Pimpernel var hovudsort, var støtblått eit stort problem. For å vise kor stor effekt temperaturen hadde på mengde støtblått, vart det gjort ei undersøking av støtblått og mekaniske skadar under opptak ein morgonkald, men klar og solrik dag sist i september i Trøndelag. Det har nok skjedd mye med potetopptakaren sida den gong, men hovudeffekten av temperatur er nok den same. Og sjølv om figuren er så gammal at den vart handteikna, er det lett å sjå effekten av stigande temperatur på potetkvaliteten.

Bilde1

Konklusjonen den gong var grei. Det som blir tatt opp tidleg på dagen var ikkje egna for langtidslagring.

Det er også andre undersøkingar som stadfester stor effekt av temperatur på mengde mekaniske skadar. I ei svensk undersøking om mekaniske skader ved handtering av matpotet, Kjell Larson, JTI-rapport nr. 57, 1984, vart det bl.a. sett på skilnaden ved 4°C og 10 °C. Den viste at mengde sterke mekaniske skader ble halvert ved fall på 5-30 cm, potet mot potet. Effekten på svake mekaniske skader var noe mindre. Den var ved 10 grader omtrent to tredjedelar av skadar ved 4 grader.